![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/6418ca03b4545f2e1e414213_Sandsgruppa%20dag%202%20c_0150%20kopi.jpg)
Suldal Bad
Suldal Bad ligg på Sand i Suldal, på ei av dei flottaste tomtene i bygda, med fin arkitektur og fjordutsikt. Me driv eit folkebad, ein attraksjon og eit aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar.
![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/641af86c40a6f0a079e4b630_Logo%20(1).jpg)
Eidssjøvegen 12
4230 Sand
![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/64273c201ca8a5c58f3bbcec_64197bc4a8abd246801db40b_Aktivitet%206%20(1).jpg)
Attraksjonar
Me har tøffe hinderløyper, babysvømming og basseng for heile familien!
![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/64273cc2381fc12eff4bac33_Aktivitet%203%20(1).jpg)
Gratis plassreservasjon
Me anbefalar å reservere plass hjå oss i helger og ferier. Det er gratis å reservere, og det gjer du på nettsida vår. Der finn du også både ordinære opningstider og ferieopningstider!
![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/64273d74fb4bfb27ac7246ce_Kafe%20(1).jpg)
Kafé og butikk
På Suldal Bad har me kafé i våt og tørr sone, og utandørs. Me kan tilby småmat, snacks, kald drikke og baristakaffi. I badebutikken kan du kjøpe badetøy, sklisokkar, svømmebriller og leiker.
![](https://cdn.prod.website-files.com/63bd424f407d436f81a32886/64273e2a11979569568e026f_Tilrettelagt.jpg)
Tilrettelagt
Suldal Bad har familiegarderobe med dusj og WC som er tilpassa rullestolbrukarar. Me har også hjelpemiddel som våtsone-rullestol, dusj- og toalettstol m/ tilt, mobil personheis, ståheis og stellebenk. Har du behov for nokre av desse hjelpemidla kan du ta kontakt på førehand så vil me gjera alt klart til du kjem.