Velkommen til perla i Ryfylke!
Handel og aktivitetar for heile familien!
Start haustferien hjå oss!
Velkommen til Haustmarknad i Suldal - laurdag 7.oktober i Bergekrossen hjå Autagro Møgedal. frå kl. 10.00- kl. 16.00
Her blir det handel, god mat, kåring av lam, underhaldning, auksjon og god drøs!
Farmen-deltakar Bente Rabba kjem for å fortelje frå sitt liv og kva ho meiner er viktig for å finne ein god kvardag.
Som barneunderhaldning kjem Ray Speed som er ein populær tryllekunstnar! Det blir grillmat frå Suldal Sau & Geit, og Sand Bygdekvinnelag stiller med god kaffimat. Lista med spanande utstillarar er lang, så her er noko for ein kvar smak.
Velkommen til ein marknadsdag i god gamal tradisjon!
Link FB: https://www.facebook.com/events/1357889978464866/
Link nettsted for mer program: https://autagro.no/ag39/
På Sand kan du besøke flotte nisjebutikkar, nyte gode måltid og ta med familien på ei rekke ulike aktivitetar tett på fjorden og lakseelva Suldalslågen.
Fordelt mellom Strandstaden, industriområdet på Garaneset og opp til Bergekrossen kan ein finne ei rekke flotte nisjebutikkar med alt ein treng til kvardag og ferie. Her finn du mellom anna sportsbutikk, klesbutikk, bokhandel, apotek, blomsterbutikk, elektronikk, møbler, sko og interiør.
Kjernetid på opningstid er måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.00–16.00, torsdag kl. 09.00–18.00 og laurdag frå kl. 10.00–15.00.
Du finn også bensinstasjonar/verkstad, serveringsstader, overnatting, treningssenter, museum og daglegvarebutikkar.
Dei har eigne opningtider. Sjå på deiras side på sosiale medium for meir info.
Les meir om handel på Sand på Facebook.
Skattkammer Suldal foto Lise Bjelland
Tilfeldige butikkar

Gavinba
Butikken i gata er full av barne - og ungdomsklær, gaver og interiør. Her finner du garantert gaven til den som har alt.

Brunsj
Brunsj er en urban kafe og kaffebar med to filialer, Kulturhuset og Drøs. Vi bryr oss om maten og opptatt av ekte håndverk og tradisjoner.

Skohjørna
Skohjørna har godt utval av sko til både store og små og ikkje minst variert utval av skopleie, vesker, koffertar og paraplyar.
Nye produkt

Fiske
Fisker du i fjord og hav eller håper på storlaksen i Suldalslågen eller kanskje vil roe ned med litt aurefiske med lett utstyr i våre mange fiskevann, så har Sand Sport råd og tips som kan hjelpe.